Program

OBS: Programpostar, deltakarar og andre detaljar kan bli oppdaterte nærmare konferansen.

På innsida av krafta

5. - 6. mai 2026

Ei konferanse om norsk vasskraft, energipolitikk, natur, lokalsamfunn og vegen vidare.

Konferansen tek deg med på ei reise frå historia bak den norske vasskrafta og fram til dei store spørsmåla som pregar energidebatten i dag. Kvifor er vasskrafta så viktig? Kvifor blir nye kraftprosjekt så krevjande? Og kva må endrast for at vi skal få meir kraft og mindre konflikt?

Gjennom to dagar møter du ordførarane frå nokre av dei største vasskraftkommunane i landet, fagekspertar, fagforeining, leiarar hos sentrale kraftaktørar, lokalfolk, miljøorganisasjonar – og sjølvsagt energiministeren.

Konferansierar for dagane er Svein Tore Bergestuen og Eva Sannum.

Vertskap for konferansen er Suldal kommune med ordførar Mads Drange.

Samarbeidspartnarar: Statkraft, Lyse, Hydro og Stavanger kommune.

Kva konferansen prøver å få til

Vasskrafta er ryggrada i energisystemet, men også eit av dei mest konfliktfylte felta i norsk samfunnsdebatt. På innsida av krafta er ei konferanse som tek deltakarane med på ei reise frå historia til framtida for norsk vasskraft. Målet er å forstå korleis energi, natur, industri, lokalsamfunn og politikk heng saman i praksis, og kvifor kraftdebatten i dag ofte blir så konfliktfylt.

Gjennom to dagar skal deltakarane:

  • Forstå kvifor vasskrafta er så viktig for Noreg

  • Sjå kvifor nye kraftprosjekt blir stadig meir krevjande

  • Identifisere kva som må endrast for at vi skal få meir kraft og mindre konflikt

Konferansen avsluttast med ei oppsummering av dei viktigaste innsiktene i forma av Suldalerklæringa.

Praktisk informasjon

Klikk her for å gå til eige side med praktisk informasjon.

En mann i dress og slips som står foran en vannkropp og fjell, med en stor medalje rundt halsen.

Mads Drange, ordførar i Suldal.

Bilde av Eva Sannum og Svein Tore Bergestuen.

Eva Sannum og Svein Tore Bergestuen, konferansierar og grunnleggjarar av kommunikasjonsbyrået Sannum & Bergestuen.

Dag 1: Kvifor krafta betyr noko

Kl. 09:45-12.00

Ombord på båten frå Stavanger til Hylen:

Livet etter Ulla-Førre: Samfunnskontrakten vi arva – og må fornya

Nord-Europas største vasskraftutbygging har skapt kraft, industri og lokalsamfunn. Historia forklarar kvifor kraftdebatten i dag er så viktig, og kvifor ho ofte blir polarisert.

Tema:

  • Vasskraft som nasjonsbygging

  • Vertskommunar og lokalsamfunn

  • Samfunnskontrakten rundt kraft

Innleiing og historieforteljarar:

Aslak Sira Myhre, konserndirektør for kommunikasjon, myndighetskontakt og strategi i Lyse

Innleiarar:

Anne Woie, næringssjef, Stavanger kommune / Energihovudstaden

Steffen Brekke, europeisk koordinator, Stavanger-regionens europeiske kontor (SrE)

Et portrett av en mann med skjegg og ovenfra og ned hår, smilende iført dress, utendørs i bymiljø.

Aslak Sira Myhre, konserndirektør for kommunikasjon, myndighetskontakt og strategi i Lyse

Portrett av en smilende kvinne med blond hår, iført en svart skjorte og lys jakke, utendørs i naturen.

Anne Woie, næringssjef, Stavanger kommune / Energihovudstaden

Portrett av en ung mann med briller som smiler, foran en busk med blader.

Steffen Brekke, europeisk koordinator, Stavanger-regionens europeiske kontor (SrE)

Portrett av en mann som smiler, kledd i en knappet skjorte, utendørs i svart-hvitt.

Atle Harby, seniorforskar SINTEF

Kl. 12:00

Hylen kraftverk:

Velkomen til konferansen

Innleiar:

Mads Drange, ordførar i Suldal

BOLK 1: Krafta i energisystemet

Kl. 12:35-13:45

a) Kva rolle spelar norsk vasskraft i energisystemet – i Noreg og i Europa?

Europa etterspør stadig meir regulerbar kraft. Norsk vasskraft blir ofte omtalt som ein strategisk ressurs i energisystemet. Kva rolle spelar norsk vasskraft i energisystemet – i Noreg og i Europa? Og kva betyr det eigentleg i praksis?

Tema:

  • Energi vs effekt

  • Regulerbar kraft

  • Eksport vs lokal verdiskaping

  • Norsk vasskraft i eit europeisk system

Innleiar:

Atle Harby, seniorforskar SINTEF

b) Perspektiv frå systemet

Kor viktig er norsk vasskraft for Europa eigentleg? Kva skjer dersom Europa byggjer meir kjernekraft og vind? Og kvar ligg verdien av vasskrafta om 10–20 år?

Innleiar:

Tor Eigil Hodne, Senior VP European Affairs, Statnett

Panelsamtale:

Atle Harby, seniorforskar SINTEF

Kari Sofie Bjørnsen, stortingsrepresentant frå Akershus (H) og medlem av energi- og miljøkomiteen.

Ketil Barkved, CEO New Kaupang

Mann med grå krøllete hår, i dress, foran flere flagg.

Tor Eigil Hodne, Senior VP European Affairs, Statnett

Portrett av en smilende kvinne med mørkt hår og øredobber.

Rosalie Poen, konsernsjef, Lyse

Et svart-hvitt bilde av en smilende kvinne med lyse krøllete hår, som ser mot kamera.

Julie Wedege, direktør for politikk og eigarskap, Statkraft

Jan Helge Mårdalen, leiar for drift og utvikling, Hydro Energi

Lunsj frå kl 13:45-14:15

BOLK 2: Fortida som kompass

Kl. 14:15-15:35

Frå nasjonalt prosjekt til europeisk energisystem og industriutvikling

For å forstå kvifor kraftprosjekt er så krevjande i dag, må vi forstå kva slags prosjekt vasskrafta var – og kva slags prosjekt ho har blitt. Historia går frå nasjonsbygging og industriutvikling til dagens krav om tempo, naturomsyn og europeisk integrasjon.

Innleiarar frå kraftaktørane:

Rosalie Poen, konsernsjef, Lyse

Julie Wedege, direktør for politikk og eigarskap, Statkraft

Jan Helge Mårdalen, leiar for drift og utvikling, Hydro Energi

Panelsamtale:

Rosalie Poen, konsernsjef, Lyse

Julie Wedege, direktør for politikk og eigarskap, Statkraft

Jan Helge Mårdalen, leiar for drift og utvikling, Hydro Energi

Jonny Liland, nestleiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) og ordførar i Sirdal 

Kåre Bjarte Bjelland, direktør for samfunnskontakt, Eramet

Are Tomasgaard, 2. nestleder og ansvarlig for næringspolitikk, LO

Portrett av en kvinne med kort hår, iført mørk blazer, mot hvit bakgrunn.

Liv Randi Hultgreen, forskar og leiar av RenewHydro og Norsk vannkraftsenter (NVKS), NTNU

Et svart-hvitt portrett av en smilende kvinne med briller og skulderlangt hår.

Merete Dotterud Leiren, forskningsleiar Cicero

En eldre mann med briller smiler i et svart-hvitt bilde.

Bård Vegard Solhjell, administrerande direktør, Fornybar Norge 

BOLK 3: Konfliktane vi må forstå

Kl. 15:50-17:00

Kvifor energidebatten låser seg

Energidebatten ser ofte ut som ein kamp mellom posisjonar. Alle vil ha meir kraft. Færre er einige om korleis, kor raskt og til kva pris. Men dei viktigaste avgjerdene skjer i møtet mellom teknologi, marknad, regelverk, natur og lokalsamfunn. Og dei største konfliktane i kraftprosjekt oppstår fordi forventningar, naturkunnskap og motytingar ikkje er tydelege, tidleg nok.

Innleiarar:

Bård Vegard Solhjell, administrerande direktør, Fornybar Norge

Liv Randi Hultgreen, forskar og leiar av RenewHydro og Norsk vannkraftsenter (NVKS), NTNU

Merete Dotterud Leiren, forskningsleiar Cicero

Panelsamtale:

Bård Vegard Solhjell, administrerande direktør, Fornybar Norge

Liv Randi Hultgreen, forskar og leiar av RenewHydro og Norsk vannkraftsenter (NVKS), NTNU

Merete Dotterud Leiren, forskningsleiar Cicero

Kathrine Haatvedt, ordførar i Tinn

Anders Lie Brenna, journalist, EnergiWatch

Energihotellet, Nesflaten:

Middagssamtale med energiministeren

Tre nøtter vi må knekke i morgon

Energiminister Terje Aasland møter deltakarane i ein uformell samtale om tre dilemma som blir arbeidsagenda for dag 2.

Portrett av en mann i svart dress og hvit skjorte, smilende, med kort, grått hår, i svart-hvitt.

Terje Aasland, energiminister

Et svart-hvitt bilde av en smilende mann med kort, brunt hår og en svart genser.

Ørjan Simonsen, assisterande fylkesmiljøvernsjef, miljøvernavdelinga, Statsforvaltaren i Rogaland

DAG 2: Kvifor er det så krevjande?

Opning kl 08:30

Konsesjonsprosessane er arenaen der natur, lokalsamfunn, kraftbehov og politikk møtest.

Dag 2 er utforma som eit arbeidsmøte i tre delar:

Erfaringane —> Systemet —> Vegen vidare

Målet er å gå frå innsikt til konkrete innspel til Suldalerklæringa.

Appell:

Terje Aasland, energiminister

BOLK 1: Når politikken møter røynda

Kl. 08:45-09:55

Denne delen gir eit konsentrert innblikk i kva som skjer når kraftprosjekt møter røynda. Målet er å synleggjere dei viktigaste konfliktane – raskt og konkret – før vi går vidare til system og politikk.

Når kartet ikkje stemmer med terrenget: Tre perspektiv på same konflikt

Konsesjonsprosessar stoppar sjeldan fordi éin part gjer feil. Dei stoppar fordi ulike logikkar kolliderer:

  • Lokal utvikling og forventningar

  • Natur og miljøkrav

  • Utbyggingsbehov og økonomi

  • Regelverk og prosess

Denne økta samlar tre perspektiv i ein felles samtale:

  • Kva skjer når prosessen knakar – og kvifor?

  • Kva er det som faktisk stoppar framdrifta?

  • Kva kunne vore gjort annleis – heilt konkret?

Medverkande:

Frå kommune:

Torill Telstad, rådgjevar og saksbehandlar BY, Suldal

Mads Drange, ordførar i Suldal

Frå utbyggjar:

Bjørn Aase Honningsvåg, administrerande direktør Lyse Kraft

Frå naturperspektiv:

Alf Odden, verneområdeforvalting SVR (Verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

Frå grunneigarperspektiv:

Tom Kristian Hagen, grunneigar Nesflaten

Oppsummering del 1:

  • Kva går igjen i alle konfliktsakene?

  • Kva skapar mest friksjon tidleg i prosessen?

  • Kva burde vore gjort annleis?

  • Innspel vidare til Suldalerklæringa

BOLK 2: Konsesjon frå innsida: Kva stoppar prosjekt – eigentleg?

Kl. 10:15-11:15

Utbygging stoppar sjeldan fordi ressursane manglar. Ho stoppar i møtet mellom interesser, krav og prosessar. Dette innlegget gir eit presist bilete av korleis konsesjonsløpet faktisk fungerer, kvar det stoppar og kvifor det tek tid.

Innleiar:

Ørjan Simonsen, assisterande fylkesmiljøvernsjef, miljøvernavdelinga, Statsforvaltaren i Rogaland

Rundebordsmøte:

Systemet i praksis og kva som må endrast for effektive, gode og inkluderande prosessar

Ein samtale som samlar perspektiva frå stat, kommune, utbyggjar og forvaltning. Kva fungerer – og kva gjer ikkje? Denne økta er eit arbeidsrom, ikkje ein tradisjonell paneldebatt. Utgangspunkt for diskusjon er: Kva må endrast i praksis?

Deltakarar:

Stein Øvstebø, leiar for kraftsystemer, nett og konsesjonar, Hydro Energi

Jonny Liland, nestleiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) og ordførar i Sirdal

Jarle Lunde, vassområdekoordinator i Ryfylke vassområde og sekretær for Villreinnemnda for Setesdalsområdet, Suldal kommune

Roy Høibo, leiar Naturvernforbundet i Suldal

Ørjan Simonsen, assisterande fylkesmiljøvernsjef, miljøvernavdelinga, Statsforvaltaren i Rogaland

Oppsummering del 2:

  • Kva i systemet må endrast

  • Kva kan gjerast raskt

  • Kva krev politikkutvikling

  • Innspel vidare til Suldalerklæringa

BOLK 3: Vegen vidare

Kl. 11:25-12:20

Den siste delen går frå innsikt til handling. Målet er ikkje fleire analysar, men konkrete forslag. Kva kan gjerast betre – innan 12 månader? Kva grep kan gjere prosessane meir føreseielege, redusere konfliktnivå og styrke tilliten mellom aktørane. Dette er ei arbeidsøkt og ei oppsummering, ikkje ein ny paneldebatt, der vi vil ha konkrete forslag, klare prioriteringar og tydeleg eigarskap.

Avslutning: Suldalerklæringa

Kl. 12:30-12:30

Suldalerklæringa vil vere eit oppsummerande dokument frå «På innsida av krafta» 2026. Målet er å samle innsikta som oppstår under rundebordskonferansen. Dei viktigaste innspela blir samla og løfta fram:

  • Kva må endrast

  • Kven må gjere det

  • Kva skjer vidare

Les meir om Suldalerklæringa.