Spørsmål og svar
Kva slags arrangement er dette?
«På innsida av krafta» er ei fagleg energisamtale i mindre format, ikkje ein tradisjonell konferanse. Færre innlegg, meir dialog, meir systemforståing og erfaringsdeling.
Kven er konferansen for?
Inviterte aktørar frå kraftselskap, forskingsmiljø, kraftkommunar og politiske avgjerdstakarar.
Kven står bak konferansen?
Suldal kommune står som arrangør av dette første arrangementet, men målet er å utvikle ei brei, kunnskapsbasert og systemnær samtale mellom ulike aktørar og avgjerdstakarar i kryssingspunktet mellom industri og storsamfunn.
Kvifor er staden så viktig?
Suldal er ein kraftkommune, og hos oss kjem vi bokstaveleg tala tett på krafta. Mange avgjerdstakarar har aldri vore inne i eit kraftanlegg, og vi håpar ei oppleving «på innsida av krafta», tett på produksjon, regulering og landskap, gir ei god ramme for gode faglege diskusjonar.
Kvifor startar dag 1 i Stavanger?
Oppstart vil vere i Stavanger, med ei felles reise inn til Suldal som ein del av ramma og metoden for konferansen. Vi ser for oss ei samanhengande «systemreise» frå utsida til innsida av kraftsystemet.
Kva er viktigast på dag 2?
Vi ønskjer å fylle eit tomrom: Kommunar og kraftselskap møtest ofte først når konkrete utbyggingar og forhandlingar startar. Då er ofte mange premissar lagde, og frontane kan vere låste. Vi ønskjer å bidra til at aktørane møtest tidlegare, slik at vi kan diskutere kva som faktisk må løysast, og kva vi kan lære av kvarandre.
Kva er Suldalerklæringa?
Eit samanfatta resultat av samtalene under konferansen. Dette blir eit dokument som fangar innsikt, dilemma og prioriteringar. Det er ikkje meint som eit bindande politisk dokument, men som eit kunnskapsgrunnlag og eit felles referansepunkt for vidare arbeid.
Korleis melder eg meg på?
Konferansen er for spesielt inviterte.