På innsida av krafta
Åtte råd for betre kraftprosessar
Suldalerklæringa samlar dei viktigaste innsiktene frå «På innsida av krafta» 2026. Ho peikar på åtte hovudgrep som kan gi sterkare lokal legitimitet, betre prosessar og større gjennomføringsevne i framtidige kraft- og nettprosjekt. 22. juni 2026 vil Suldal-ordførar Mads Drange levere frå seg Suldalerklæringa til energiminister Terje Aasland.
Sjå video frå overrekkinga av Suldalerklæringa
Sjå bildegalleri frå konferansen 2026
Alle foto: Fabel Media / Suldal kommune
Ei samtale om framtidas kraftsystem
Mellom fjell og fjordar lengst inne i Ryfylke ligg Suldal, Noregs største kraftkommune. Her blir årleg nesten 10 prosent av norsk vasskraft produsert. Frå dei same fjella går òg kablar og fiberliner som bind Noreg til Europa.
«På innsida av krafta» er ei rundebordbasert energisamtale om korleis framtidas kraftsystem skal fungere, sett frå ein stad som kjenner både produksjonen, reguleringa og konsekvensane på kroppen.
Foto: Fabel Media / Suldal kommune
Foto: Kristofer Ryde / Lyse
Foto: Lise Bjelland / Lyse
Foto: Kristofer Ryde / Lyse
Kvifor Suldal?
For å forstå kraftsystemet må ein sjå staden der den faktisk blir til. Suldal har vore vertskap for nokre av dei største utbyggingane i norsk energihistorie – Ulla-Førre og Røldal–Suldal Kraft. Her ligg og Kvilldal kraftverk, som er Noregs største, og Blåsjø, som Nord-Europas største vasskraftmagasin.
Suldal er difor ikkje berre ein produksjonsstad. Det er eit kryssingspunkt mellom natur, teknologi, marknad og politikk. Målet er meir innsikt og større forståing for kraftspørsmål. Vi ønskjer å samle kraftselskap, forskingsmiljø, kraftkommunar og politiske avgjerdstakarar for å drøfte korleis vasskrafta kan moderniserast og sikrast legitimitet i åra som kjem.
Foto: Kristofer Ryde / Lyse
Foto: Statkraft
Foto: Lise Bjelland / Lyse
Kvifor «på innsida»?
Ofte går energidebatten føre seg på utsida av systemet, prega av forenkla retorikk og konfliktliner. På innsida ser ein heilskapen, og samanhengane.
Korleis magasin styrer fleksibilitet.
Korleis marknaden påverkar reguleringa.
Korleis europeiske rammer verkar inn på lokale avgjerder.
Vi ønskjer ei samtale som tek utgangspunkt i denne heilskapen – ikkje i fastlåste posisjonar. Vi er opptekne av å synleggjere samanhengen mellom teknologi, marknad, regelverk, natur og lokaldemokrati. Kva krevst for å sikre eit robust kraftsystem for framtida?
Foto: Energihotellet
Foto: Energihotellet
Foto: Energihotellet
Ei annleis energisamtale
Dette er ikkje ein tradisjonell kraftkonferanse. Vi legg opp til færre deltakarar og mindre vekt på foredrag, til fordel for meir dialog, systemforståing og erfaringsdeling. Samlinga skal vere brei og kunnskapsbasert.
Foto: Lise Bjelland / Lyse
Foto: Statkraft
Foto: Energihotellet
Staden er ein del av metoden
Mange som tek avgjerder om kraft, har aldri vore inne i eit kraftanlegg.
I Suldal får ein vera med på turen frå Stavanger inn fjorden til Ryfylke. Ein får kome inn i fjella her produksjonen finn stad og forstå dimensjonane. Ein kan forstå at kraftsystemet ikkje er abstrakt – det er fysisk, konkret og landskapsbunde.
Opplevinga av staden er difor ein del av metoden.
Historiane knytte til kraftproduksjonen i Suldal blir difor ein viktig del av heilskapen, saman med det faglege. Vi håpar og trur det vil gjere at deltakarane faktisk snakkar saman på ein annan måte enn vanleg – bokstaveleg tala på innsida av krafta.
Samarbeidspartnarar
Foto: Lise Bjelland / Lyse
Foto: Suldal kommune
Foto: Statkraft