Om «På innsida av krafta»
I sentrum av energidiskusjonen
Dette er ein møteplass før konkrete prosessar og forhandlingar startar – ein arena der aktørane kan snakke saman om kva som faktisk må løysast.
Alt dette i ein kommune med nokre tusen innbyggarar, der kraftproduksjon og lokalsamfunn har vore tett samanvovne i fleire tiår.
Norsk magasinkapasitet utgjer ein betydeleg del av Europas energifleksibilitet. Rogaland og regionen rundt Suldal har ei særleg viktig rolle i dette biletet. Det gir samlinga ein tydeleg fagleg og geopolitisk kontekst.
Dialog og systemforståing
Med «På innsida av krafta» ønskjer vi å leggje til rette for ei meir systemnær, kunnskapsbasert og mindre polarisert energisamtale – tett på kraftsystemet slik det faktisk fungerer. Dette er difor ikkje ein tradisjonell konferanse, men ei rundebordbasert samling i mindre format, der dialog og systemforståing står i sentrum.
Kvifor denne samlinga no?
Noreg står framfor betydelege kraftutbyggingar og moderniseringar. Kompleksiteten i kraftsystemet og i komande utbyggingar blir ofte undervurdert, og behovet for ein arena for reell systemforståing er stort.
Ein arena før prosessane låser seg
«På innsida av krafta» skal fylle eit rom som i dag i liten grad finst frå før. Vi ønskjer å skape ein arena før konkrete utbyggingsprosessar og forhandlingar startar, der aktørane kan snakke saman om kva som faktisk må løysast, dele erfaringar og forstå kvarandre sine rammevilkår og dilemma.